ORDLISTE FOR NYE og GAMLE KORPSMEDLEMMAR
Aktiviteter Klikk her: kalender
Aspirant 1. årsmusikant. Aspirantkorpset øver for seg sjølv med eigen dirigent. Aspirantane får utlevert instrument på første speletime med instruktør. Uniform blir som regel delt ut i forkant av 17. mai. I løpet av aspirantåret lærer musikanten å kjenne instrumentet, og dei lærer å lese noter. Aspirantane deltar på felleskonsertar med korpset. Dei deltar også i toget på 17. mai, der dei lærer å marsjere. Aspirantane deltar utan instrument på 17. mai og på korpsstevne. Gjennom å delta i toget lærer musikantane å marsjere med korpset, før dei som juniorer også lærer å spele samtidig som dei marsjerer. Sjå også forklaring på dei ulike korpsa her.
Foreldrevakt Klikk for meir info: 1 - 2 foreldre er vakter under øvingane. Hovedoppgåvene er å hjelpe barna med å rigge til øvingslokalet (stolar, notestativ osv.) - og rydde etterpå, hjelpe dirigenten med å kopiere noter, hente barna inn igjen etter pausen - og skjer opp frukt. Frukt blir kjøpt inn av styrevakten. Kvar korpsfamilie har 1 - 2 foreldrevakter ila semesteret. Liste over kven som er foreldrevakter på dei ulike øvingane blir sendt ut i starten av semesteret - og er også tilgjengeleg på heimesida.
Dirigent Henrik Sjøeng er dirigent for aspirantane, medan Jenny Austestad er dirigent for junior- og hovedkorpset. Dirigentane ledar fellesøvingane til korpset. Kontaktinfo; sjå heimesida. Dirigentane kan også nås på Spond.
DM Distrikts-mesterskap Konkurranse der ulike skolekorps konkurrerer mot hverandre i 1. - 4. divisjon. Kvart korps har eit repertoar på 2-3 sanger som de framfører for publikum og dommere - og de blir bedømt etter en poengskala. De siste årene har Grefsens juniorkorps deltatt i 4. divisjon, og hovedkorpset i 1. divisjon. Foreldre deltek som regel som publikum under konserten.
Facebook Korpset har ei lukka/ hemmeleg facebookgruppe som vi bruker til bildedeling - t.d. frå turar og konsertar. Den opne facebookgruppa er tilgjengeleg for alle, og blir brukt til å reklamere for loppemarknaden og korpset generelt.
Fellesøving Aspirant-, junior- og hovedkorpset har fellesøving med dirigent kvar tysdag. Innkalling til fellesøving blir sendt ut i Spond 3 dagar før øvinga. Deltaking på fellesøvingar er obligatorisk, og alle er automatisk påmeldt. Dersom ein ikkje kan delta, må ein gi beskjed om dette i innkallinga på Spond.
Gnist Gnist er ein medlemsapp, kobla til medlemsregisteret i styreweb. Den er tilgjengeleg både i mobilversjon og nettversjon. Det er ikkje nødvendig å bruke appen for å få med seg informasjonen som blir sendt ut frå korpset. Men alle e-postar og fakturaer som blir sendt ut frå styreweb blir liggande tilgjengeleg i Gnist. Kalendaren ligg også tilgjengeleg her, under aktivitetar. Dersom ein brukar nettversjonen av Gnist, har ein også tilgang til korpsets personvernerklæring, og ein kan redigere sin eigen kontaktinformasjon i medlemsregisteret. Grefsen skolekorps brukar ikkje Gnist til registering av oppmøte. 
Heimeside/ nettsider http://grefsenskolekorps.korps247.no/           Nyttig info om korpset, kontaktinfo til Styret og instruktørar og aktuelle artiklar
Hovedkorps Dei eldste/ mest erfarne musikantane. Etter 3 år i juniorkorps rykker musikanten opp i hovedkorpset. Tidlegare opprykk kan vera aktuelt pga alder eller rask musikalsk progresjon. Hovedkorpset spelar avansert musikk, og konkurrerer i Distriktsmesterskapet (DM). Dei har også deltatt på NM. I tillegg spelar dei saman med juniorkorpset på 17. mai, stevner og ulike oppdrag. Junior- og hovedkorps drar på turar saman. Sjå også forklaring på dei ulike korpsa her.
Instrument Klikk for meir info: Alle musikantar får utlevert instrument, som dei lærer å spele på. Aspirantane får som regel utlevert instrumentet på første speletime med instruktør. Instrumenta er kostbare, så det er viktig å ta godt vare på dei. Bruk stativ ved hensetting av mindre instrument. Pakk intrumentet pent ned i instrumentkassen når det ikkje er i bruk. Ved behov for reparasjonar/ vedlikehold - ta kontakt med instruktør eller materialforvaltar.
Juniorkorps Etter eit år som aspirant, rykker musikantane opp i juniorkorpset. Musikantane har normalt 3 år i juniorkorpset. I juniorkorpset blir repertoaret betydeleg utvida, og korpset spelar saman med hovedkorpset på stevner og 17. mai, og deltek i eigen klasse på Distriktsmesterskapet. Dei drar på turar og seminar saman med hovudkorpset. Sjå også forklaring på dei ulike korpsa her.
Kalender Klikk for meir info: Oversikt over korpsets øvingar og aktivitetar utover året. Finst både i listeversjon og månadskalendar på heimesida. Er også synleg i Gnist. Ein kan klikke på aktuelle aktivitetar for å få meir informasjon. Det meste av aktivitetane er også synleg i Spond.
Komite Grupper med eigne ansvarsområde i korpset; Korpset har loppekomite, uniformskomite og materialforvalter. Det blir også oppretta komiteer ved behov, t.d. turkomite.
Konsert Korpset arrangerer ulike konsertar i løpet av året, der alle musikantar deltek. Fast konsert på jule- og sommaravslutning, i tillegg til ein større haustkonsert. I tillegg har dei av og til ensemblekonsert på hausten, under øvingstida. På konsertane viser korpset fram det dei har øvd inn for foreldre og søsken - og ev. andre inviterte.
Korpsloftet Loftet på det gamle kvite huset på Grefsen skole (same bygg som helsesøster held til i). Her har korpset instrument- og uniformslager, og lager for utstyr til loppemarknaden. Her har vi også kopimaskina som blir brukt til å kopiere noter under øvingane. Materialforvaltar er som regel til stades her kvar tysdag. Utdeling av uniformar føregår også her - i forkant av konsertar eller 17. mai.
Kretsstevne Samling med mange ulike korps. Alle korpsa marsjerer inn - og deltek med kvar sin konsert i løpet av dagen. Det er aktivitetar, kafe - og utdeling av medaljer. Foregår som regel den første helga i juni.
Loppelapper Lappar med informasjon om innhenting av lopper - og loppemarknadens opningstider. Loppelappane blir delt ut i skolekrinsen til Grefsen skole (henteområdet til Grefsen skolekorps). Og kvar butikk har ansvaret for å dele ut lappar på "si" rute. Butikksjefen administrerer utdelinga av loppelappar.
Loppemarknad Klikk for meir info: Korpset arrangerer loppemarknad på Grefsen skole to gonger i året. Dette er korpsets hovedinntektskilde, og bidreg til at foreldrebetalinga kan haldast låg. Loppemarknaden er basert på ein betydeleg dugnadsinnsats frå foreldre. Loppemarknaden er inndelt i ulike butikkar - og kvar forelder får tildelt sin butikk som dei bidrar til å drive i loppe-helga. Butikksjefen er ansvarleg for sin butikk - medan loppekomiteen (loppemarked@grefsenskolekorps.no) er ansvarleg for heile arrangementet. 
Materialforvalter Materialforvalter har oversikten over korpsets instrument, og hjelper til med enkelt vedlikehold/ reparasjon. Materialforvaltar har også kontakt med instrumentverkstader ved behov. Grefsen har to materialforvaltarar som deler på å vera til stades på korpsloftet under øvingane. Dei kan også nås på e-post: materialforvalter@grefsenskolekorps.no
NMF Klikk for meir info: Norges Musikkorps Forbund. Alle medlemmar i Grefsen skolekorps blir automatisk innmeldt i NMF, og tilhøyrer region Øst. NMF arrangerer bl.a. DM og sommarkurs - og jobbar for korpsa i Norge. Les meir på heimesidene til NMF
Seminar Øvingshelg med korpset. Seminar på skolen eller på tur med overnatting. Intensiv øving av repertoar - og bygging av sosialt fellesskap i korpset.
Speletime Alle musikantar har speletime med instruktør ein gong i veka. Kvar instrumentgruppe har sin instruktør - kontaktinfo på heimesida
Spond Klikk for meir info: Mobilapp som korpset brukar til å registrere oppmøte på fellesøvingane - og til å sende ut informasjon om og påmelding til ulike arrangement. Det er også muleg å starte gruppesamtaler og sende private direktemeldingar via appen.
Sommarkurs Kurs for korpsmusikantar i regi av NMF - eller Bjerkely. Kurs på ulike nivå - med og utan overnatting. Flott sjanse for barna til å treffe få nye venner frå andre korps, få musikalsk inspirasjon - og ha det gøy! Grefsen skolekorps sponsar deler av medlemsavgiften til sommarkursa.
Stevne Sjå kretsstevne
Styrevakt Ein representant frå styret er alltid til stades under øvingane. Styrerepresentanten er ansvarleg for å låse opp øvingslokala og korpsloftet, kjøpe inn frukt og halde oppsyn under øvinga. Oversikt over styrevakter finst på lista over foreldrevakter. Kontaktinfo til styret finst på heimesida. Styrerepresentantane kan også nås på Spond.
Styreweb Medlemsregister og arkiv for Grefsen skolekorps. Alle e-postar og fakturaer frå korpset blir sendt ut frå Styreweb. Det er muleg å svare direkte på e-postar til styreweb - du kjem då i kontakt med det styremedlemmet som har sendt ut e-posten. Kun styremedlemmar og enkelte komitemedlemmar har tilgang til styreweb.
Uniform Klikk for meir info: Alle musikantar får utlevert uniform. Sjå lenken for meir informasjon om uniformsreglement. Aspirantane får som regel utlevert uniformen i forkant av 17. mai - mens dei større musikantane kan byte deler av uniformen i forkant av DM. Uniformsdelane skal leverast inn ferdig vaska/ rensa. Til uniformen høyrer svarte sko med svart såle, som musikanten må halde sjølv. 
Vedtekter

Klikk for meir info: Regelverk for Grefsen skolekorps

Årshjul Klikk for meir info: Faste aktivitetar gjennom året